Brannstasjonen i Måløy treng sårt eit strøk måling. Det skal spreke pensjonistane gjere noko med.

– Brannstasjonen fortener å vere litt fin. Den ser frykteleg nedsarva ut og pensjonistane går no i lag med brannmennene for å måle brannstasjonen, seier initiativtakar Turid Breidalen.

Ho har saman med fleire sett seg lei på at eit signalbygg som brannstasjonen i Gate 2 i Måløy forfaller på grunn av sviktande kommuneøkonomi. No har ho samla ein gjeng spreke pensjonistar som meir enn gjerne vil bidra til å forskjønne bygget og byen med eit strøk maling. I august er det klart for dugnad.

– Det var Kari Oppedal som sette meg på tanken, seier Breidalen.

– Eg har sagt ifrå i to år til kommunen. Men dei har ikkje hatt pengar til måling. Ein kan ikkje vise fram noko så fint som Måløy med dette fugleskremselet midt i bygda. Det ser ikkje ut. No får vi ein flott stadion og dette er vegen ein køyrer opp, seier Kari Oppedal.

– Ein pyntar med blomsterbed i gata, men så skal dette stå slik som dette, seier Lilly Endal og ristar på hovudet.

– Her kjem så mange ukjende til Måløy og dei spør seg kva er det med dette huset, legg Bjørg Tennebø til.

– Den har vore forferdeleg i fleire år. No er det på tide, seier Oppedal.

Les heile saka i papiravisa fredag 20. juni.