Politiet er framleis ute for å sjekke trafikken rundt skulane i fylket.

I Måløy hadde politiet kontroll måndag ettermiddag. Dei skreiv ut eitt gebyr for manglande bilbeltebruk.

Ein fekk bot bruk av mobiltelefon under køyring.

Dette er resultatet av andre kontrollar i fylket måndag.

Kl. 09.05 Trafikk førebyggande, Gloppen

Politiet i Gloppen køyrar til Hyen for å dele ut refleksvestar til førsteklassingane der. Planen er å gjere det same på Byrkjelo seinare på dagen.

Kl. 09.30 Aksjon skuleveg, Lærdal

Politiet har hatt trafikkontroll ved Lærdalsøyri skule. Dei har hatt fokus på synlegheit, farlege kryss, og av- og påstiging ved skulen.

Ingen reaksjonar.

Kl. 13.38 Trafikkontroll, Jølster

Politiet har hatt trafikkontroll på Skei i Jølster. Her vart det kontrollert 77 bilar. 2 forenkla forelegg for mobilbruk, 4 forenkla førelegg for høg fart i 60-sona. 77 km/t var høgste målte fart.

Kl. 14.59 Trafikkontroll, Vik i Sogn

Trafikkontroll i Vik. Ein reaksjon på manglande beltebruk.