Med fornya samarbeid med SFE kan Selje IL fortsetje med Fotballakademiet, og auke stillingsprosenten til trenar Marco Tanasic.

– Det er fantastisk bra og eit handslag til klubben og den sportslege satsinga vi har gjort. Nokon har tru på oss og det vi jobbar med, så det er kjempeflott, seier leiar Atle Solheim i Selje Idrettslag.

Gjennom ein forlenga avtale med Sogn og Fjordane Energi, sikrar idrettslaget at dei kan vidareføre Fotballakademiet dei neste to åra, samt justere opp stillingsprosenten til trenaren Marco Tanasic.

– Dette gjer at vi får ein lågare pris for dei som deltek, seier Solheim.

Fotballakademiet er ein del av arbeidet idrettslaget gjer med spelarutvikling blant barn og ungdom.

– Vi vil legge til rette for god utvikling for dei som er ekstra motivert og vil ha meir enn lagstreninga. Dette er frivillig i tillegg til dei vanlege treningane, seier han.

Den siste Fotballakademi-samlinga vart gjennomført i gymsalen på Selje skule sist helg.

Akademiet er lagt opp med helgesamlingar der spelarar kan melde seg på. Den siste samlinga i år var førre helg, då med 32 spelarar i alderen 9 til 16 år, fordelt på tre grupper.

– Det har vore populært for spelarane våre å delta på dette. Veldig mange har vore med på begge akademia i år, seier Solheim.

Trenar Marco Tanasic er tilsett for dei to neste åra og stillingsprosenten er auka frå 60 til 80.

Marco Tanasic er tilsett i Selje Idrettslag dei to neste åra.

– Då vi tilsette han for to nye år, håpte vi på at vi skulle få med samarbeidspartnarar for å trygge økonomien i dette. Dette er eit godt bidrag til oss når vi no utvidar stillinga, seier Solheim.

I løpet av 2017 blir det også starta opp ei utviklingsgruppe.

– Dette blir ei smalare gruppe der Marco inviterer inn spelarar ut frå det han ser av utviklingsmoglegheiter og motivasjon. Han skal plukke ut ei gruppe som han skal følgje opp ekstra. Gruppa blir ikkje statisk, så spelarar kan gå inn og ut av denne gruppa. Det er eit nytt tiltak som vi håpar å få til i 2017, seier Solheim.

Idrettslaget har om lag 130 medlemmar, og har ved sidan av fotball mange trimaktivitetar. Dei har allidrett for dei minste, zumba, spinning, basisball, dame- og herretrim, samt ein populær fjelltrim.

Skal ruste opp uteområdet

Midlar frå SFE gjer også at uteområdet ved Selje skule får ei nødvendig oppgradering i løpet av det neste året.

Skulen, FAU og idrettslaget har saman søkt om gåvemidlar til eit samarbeidsprosjekt for opprusting av uteområdet på Selje skule.

– Det er jo dei same barna som brukar uteområdet som er med i idrettslaget, seier Atle Solheim.

Han er både rektor ved Selje skule og leiar i Selje Idrettslag. Dei kjærkomne midlane skal brukast til ei nødvendig oppgradering av uteområdet ved Selje skule. Arbeidet er no i ein planleggingsfase.

– Vi vil bruke midlane til nye leikeapparat, sikre eksisterande leikeapparat og ruste opp utearealet på skuleområdet, seier Solheim.

Planen er at opprustinga kjem i gang i løpet av 2017. Sjølv om dette er eit samarbeidsprosjekt, framhevar SFE rolla som idrettslaget spelar i kommunen.

– Her ser ein den rolla som idrettslaget tek utover det ein kan forvente. Her viser det at det er ekte engasjement som går utover det andre idrettslag gjer. Idrettslaget har ei sentral rolle i kommunen, seier kommunikasjonsdirektør Kai Petter Sårheim i Sogn og Fjordane Energi.

Imponert over satsinga

– Selje Idrettslag spelar ei spesielt viktig rolle for Seljesamfunnet, seier kommunikasjonsdirektør Kai Petter Sårheim i Sogn og Fjordane Energi.

Han vil ikkje ut med kor mykje midlar SFE har gått inn med, men er tydeleg på kvifor dei vel å fortsetje i eit større samarbeidet med idrettslaget.

– Det er fleire dyktige drivkrefter og eldsjeler i laget som utrettar ekstremt mykje. Til å vere ei så lita kommune, er det imponerande kor stor satsinga til laget er, når dei satsar på profesjonelle trenar og akademi. Dei er ein fair play-klubb og dette er ein honnør til dei, seier han.

– Og så er det spesielt givande å bidra i tider der lokalsamfunnet er utfordra på den måten at dei har mista ein av sine viktige lokale hjørnesteinsfunksjonar, eit av sine lokale tilbod i form av hotellet. Det er kjekt opp i det gråe og triste å bidra til noko positivt, avsluttar Sårheim.