Silje Hafsås Sundsøy og venninene i Designit UB brukar gammalt materiale til å lage nye produkt.

– Det er jo bra for miljøet om ting kan brukast opp igjen. Vi er ei miljøbevisst bedrift, seier Silje Hafsås Sundsøy, som er dagleg leiar ved ungdomsbedrifta Designit ved Eid vidaregåande skule.

17-åringen frå Olden driv ungdomsbesdrifta saman med Mona Anette Bakke og Mariell Borgund frå Nordfjordeid, Ann Elisabeth Venøy Husevåg frå Selje, Edit Hilde frå Blaksæter og Amalie Skogstad frå Innvik.

Gjenbruk

Forretningsideen til elevbedrifta er å redesigne tekstilar.

– Vi tar imot stoff, slik som dynetrekk og putetrekk, og gjer dei om til nye ting. Dette er gjenbruk, seier Silje.Dei nye tinga som blir designa og laga er golvteppe, puffar og «pinglar».

«Pinglar» er det ingen som har sett før, og det finst ikkje to som er like.

– Det var tenkt at vi skulle lage ugler, men dei vart sjåande ut nesten som pingvinar. Derfor kallar vi dei pinglar, ler Silje.

Pinglane kan vere til pynt eller brukast som puter.Sjølv har Silje fått stor sans for hekling. Vanlegvis heklar ein med tråd, men Designit UB heklar med tøystrimlar. Det er tøy som ein riv i strimlar av dynetrekk og andre brukte tøy.

– Det var fleire som ikkje fekk til hekling i starten. Men etter kvart har det gått betre, og no har alle fått dreisen på det. Men vi deler på oppgåvene. Nokre likar å hekle, mens andre syr, seier Silje.

Les mer i papirutgaven av Fjordenes Tidende