Statens vegvesen hadde onsdag trafikkontroll i Måløy og i Deknepollen i Vågsøy kommune.

Eit kjøretøy registrert for 5 personar vart stoppa med overlast.

Totalt satt det seks ungdom i bilen. Dei fire ungdommane i baksetet satt utan bilbelte.

Sjåføren blir meldt til politiet for kjøring med for mange passasjerar. Fire av av passasjerane fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte.

– Vi ser svært alvorleg på dette forholdet, seier inspektør i Statens vegvesen, Reidunn Tryggestad.

I tillegg fekk 2 andre sjåførar gebyr for manglande bruk av bilbelte.

Det vart kontrollert totalt 124 kjøretøy.