Etter stort engasjement frå det lokale næringslivet har Ervik Surfshop no alt som trengst for at surfing skal bli eit valfag på ungdomsskulen.

Hva mener du om surfing som valgfag på skolen? God idé Dårlig idé Usikker Du må velge et alternativ Din stemme blir nå behandlet... Hva mener du om surfing som valgfag på skolen? God idé 44% Dårlig idé 46% Usikker 10% Du har allerede stemt 289 stemmer

– Alt vi treng er på plass. Både pengar, instruktør og utstyr, fortel Calle Magnusson i Ervik Surfshop, som har stor tru på at lokale elevar får surfing som valfag allereie denne hausten.

Takkar næringslivet

Magnusson fortel at initiativet har fått støtte frå mange lokale bedrifter og at det er derfor dei allereie no kan starte opp.

– Eg er kjempeglad og takksam for at næringslivet vil la ungane få denne sjansen. Det er ei unik moglegheit til å bli trygg i vatn. Magnusson understrekar at kurset kjem til å fokusere mykje på grunnleggande livredning og ulike ting ein må vere på vakt for i havet.

Sjølvstendige surfarar

– Vi kjem til å snakke mykje om sikkerheit på kurset, og kunnskap om vatn og havstraumar blir viktig. Visjonen er at elevane skal gå frå å aldri ha surfa før til å bli individuelle surfarar som kan hoppa i vatnet med eit brett når dei sjølv skulle ønske det, seier han.

– Dei første gongane vert det viktigaste å bli kjent med utstyret og lære korleis ein skal takle ulike situasjonar som kan oppstå når ein surfar. Men vi skal ikkje bruke for lang tid på å komme oss ut i vatnet heller, seier Magnusson.

Det er elevane i niande og tiande klasse som skal få moglegheita til å lære å surfe i skuletida. I første omgang vil tilbodet vere for ungdomsskuleelevane ved Stadlandet og Selje skule.

– Vi må ordne med utstyr som vi kan frakte til Refvik før vi utvidar tilbodet til Vågsøy, seier Magnusson som gler seg til å komme i gong.