– Det er veldig greitt å sjå at partia er einige. Vi har hatt veldig god dialog og nokre møter med forhandlingar. Gjennom desse har vi oppdaga at vi ikkje står så langt frå kvarandre, seier gruppeleiar for Høgre, Tore Hjelle.

Mange av politikarane trekk fram det ekstra tilskotet til oppvekst og kultur som det mest avgjerande i budsjettet.

I fellesframlegget til årsbudsjett vert rådmannen sitt oppsett auka med 1,525 millionar kroner. Den auka ramma vert nytta til blant anna å halde oppe stillingstal/delingstimar i grunnskulen.

I rådmannen sitt opphavlege framlegg ønskte ein å kutte 2,4 årsverk i grunnskulen.

– Nokre parti har signalisert at dei kunne tenke seg eigedomsskatt på næring og auka på privat. Men det er viktig for oss at det ikkje blir auke, seier Hjelle.

Uendra eigedomsskatt fører til reduserte inntekter som er anslått til 1,8 millionar kroner per år. Dette vert dekka inn gjennom auka innsparingseffekt av omstillingar i drifta av kommunale tenester, heiter det i framlegget.

Vidare har politikarane i Eid tatt inn i budsjettet at dei skal få 3 millionar kroner som ein «ufrivillige åleine-kommune».

– Omlegginga av tilskotet til einslege mindreårige er ikkje rørt i budsjettavtalen, og dei ekstra pengane til «ufrivillige åleine-kommuner» er ei sak som blir behandla direkte i kommunalkomiteen innanfor ramma som er komen frå regjeringa til kommunane, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo, etter at budsjettavtala vart lagt fram.