Anne Kristin Villar Sundal (17) skulle gjerne hatt ein plass i Eid kommunestyre.

– Det var veldig synd at eg ikkje kom inn, men eg er ikkje sjokkert, seier Anne Kristin Villar Sundal frå Haugen, som gjekk ned frå ein fjerdeplass på lista til å bli sjette vara for Eid Venstre som fekk inn ni representantar.

17-åringen seier at ho visste at kampen for å kome inn ville bli tøff, spesielt for ein ungdom med på langt nær så mykje erfaring som dei fleste på lista.

– Men så lenge andre ungdomar kom inn, er eg nøgd, seier Villar Sundal.

Som leiar i Eid ungdomsråd var ho framfor valet engasjert med å få ungdom frå 16 år til å stemme i eit forsøk med nedsett stemmealder i Eid.

– Deltakinga var lavare enn forventa, seier Villar Sundal, og seier at dette er litt trist, fordi ho har følt at ungdom er veldig engasjert i politikk og fekk ein unik sjanse.

Ungdomsrådsleiaren trur at det er mangel på informasjon om korleis ein går fram når ein stemmer som gav lav oppslutnad, og seier at det ikkje vart opna for å halde ei praktisk innføring på Eid vidaregåande skule. Ho har sjølv fått mange spørsmål som ho har svart på.