I bustad nummer tre fann Trine Midtgård Oppedal stilen, både når det gjaldt innreiing og klede.

I heimen til Trine og familien på toppen av Myklebuståsen i Eid kommune er det 1960-talet og retromøblar som gjeld.

– No har eg funne ein stil som eg føler er ein del av meg. Eg blir ikkje påverka av alt som skjer av nye trendar, seier Trine, som også likar godt retrokjolar frå 1960-talet.

Epoken

Trine har forelska seg i møblar frå 1950- og 1960-talet, og har litt vanskar med å velje ut eitt favorittmøbel.

– Eg burde tatt bestemor sitt lintøyskap, men det er slik at når eg tenker på det så blir det Panton-stolen. Og det handlar mykje om form, utføring og farge, seier Trine, om favoritten som også er kjend som s-stolen.

Ho har seks eksemplar, tre i oransje farge og tre som har ein farge mellom retroblå og isblå. Årsaka er rett og slett dårleg tolmod.

– Eg fekk dei sendt over frå England. Og om eg bestilte tre av kvar farge kunne eg få dei på 14 dagar, elles ville det ta tre månader, ler måløyværingen.

Stolane som til dagleg er i bruk som spisestovestolar eller ekstrastolar på kjøkenet, såg ho først i 2012. – Og då sa eg til mannen min at sånne skal eg ha.

Massivt møbel

40-åringen presiserer at det er reproduksjonar av stolen, som var designa av den danske møbeldesignaren og arkitekten Verner Panton i 1960. Ein original må ein fort ut med 20.000 kroner for.

– Det handlar ikkje om å vere eigar av eit dyrt møbel, det handlar meir om den perioden. Ungane kan herje rundt i desse. Det er eit massivt møbel i heilstøypt glasfiber. Veltar den, så høyrer ein eit brak.

Trine og mannen har vore gjennom fleire stilar.

– Vi pussa opp min svigerfars barndomsheim ved Kannesteinen i Oppedalen, og der var det typisk bondestil, eit lafta tømmerhus frå 1918 eller der omkring. Og i 1997 tenkte eg at det var den stilen eg likte.

Leilegheit blei kjøpt i Eid for 15 år sidan, og då ønska Trine seg heilt vekk frå den stilen. Då overtok dei eit prosjekt som andre hadde begynt på.

– Det blei ein meir midt i mellomstil. I 2008 bestemde vi oss for å bygge hus sjølve, og då måtte eg finne min eigen stil. Eg måtte gjere ting tre gongar før eg blei fornøgd, smiler ho.

Draumen var å bygge seg eit hus i funkisstil. – Med ein bygningsingeniør til mann og økonomi i bakhovudet, så blei det eit tradisjonelt hus som vi gjorde om på og endra til vårt ønske. Så bygde vi huset 98 prosent sjølv, med god hjelp av alt av familie, fortel Trine.

Forelska seg i farge

Som eit motstykke til eit sterilt laboratorium ved Nordfjord sjukehus, der Trine jobbar som bioingeniør, så er huset fullt i fargar. Eller, då dei bygde huset i 2008, vart alt måla kvitt, for å ikkje gjere noko feil.

– Men så byrja eg å forelske meg i oransjefargen, så på kjøkenet har eg oransje innslag i innreiinga. Og ein gul og oransje brødboks. Folk reagerer på det, men stort sett positivt. Mange seier at eg kjem til å bli lei fargen, men eg har hatt den i seks år no og eg er endå ikkje blitt lei, seier ho.

For å ha noko å starte med då dei flytta inn i huset til jula 2010, vart det ein snartur på Ikea for å handle møblar.

– Alt vi kjøpte på Ikea har flytta ut, og inn har alle andre sine gamle skattar frå loft og gamle hus kome. Ting som folk ikkje ser nytte av lenger. Gjenbruk synest eg er viktig. Eg føler at gamle ting har stil. Sjølv om Panton-stolen ikkje er gamal, så er det gamalt design.