Kommunestyret i Vanylven har vedteke å etablere tre heilt nye flyktningbustadar i kommunen. Dei skal etter planen stå ferdige i mai neste år.

– Kommunen har vedteke å etablere tre nye bustadar for flyktningar. Ein bustad på Fiskå, ein på Åheim og ein i Syvde, fortel ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande (V).

Vedtaket vart samrøystes i kommunestyret sist veke.

Kommunen har tidlegare greidd seg ved å leige husly til flyktningane frå blant anna privatpersonar, men ser no at dei treng fleire husvære.

– Men det er ikkje all verda med tilgjengelege hus i Vanylven frå før, så vi tenker at å bygge opp nye bustadar må vere det naturlege steget vidare.

Kommunen har vedteke at dei i åra fram til 2019 skal ta imot 80 flyktningar. På Fiskå og i Syvde har det kome flyktningar tidlegare, men aldri på Åheim.

Flyktningbustadane på Åheim, Fiskå og i Syvde skal bli enkle og mellombels bustadar, som er meint at flyktningane skal bu i gjennom ein overgangsfase medan dei lærer språk og blir integrerte. Leilegheitene skal etter planen bli frå 60 til 80 kvadratmeter.

– Skal vi skape vekst i kommunen vår treng vi fleire innbyggjarar, og då må finne hus til dei, seier ordføraren.

Arbeidet med bustadar på Åheim og i Syvde startar no med planlegging, utlysing av prosjekta og bygging, med ferdigstilling 1. mai 2017, eller tidlegare.

– Bustadane i Syvde og på Åheim skal finansierast etter same modell som utbygginga på Fiskå, med ein totalpris på inntil seks millionar kroner, forklarar Landsverk Sande.