– Frå sidelinja har eg sett store debattar når kvinner søker posisjonar. Denne typen debattar registrerer eg ikkje når det kjem ein mann inn i eit styre. Vi seier ofte at alt er fint og flott, men eg meiner framleis kvinner må stå opp for kvinner. Eg ser ikkje veldig mange kvinner som står opp når debatten rasar. Det ville vore fint og godt om det skjedde, seier Kupen.

Lokalpolitikaren sit sjølv i hamnestyret i Nordfjord Havn. Kupen meiner det er ei sjølvfølge at damer skal vere representert i styrer.

– Kvifor skal ein ekskludere halvparten av befolkninga? Det er ikkje sikkert det har med haldningar å gjere. Det kan ha med tankegang og tankar om korleis det har vore tidlegare. Mange av eigarane sit ofte i styret, og dei som driver bedrifter her er ofte menn, seier han.

Kupen understrekar at han ikkje har oversikt over mange ulike styrer.

– Eg har berre oversikt over der eg har vore sjølv, og der har vi hatt høgt kompetente kvinner, som verkeleg har vore ei styrking. Ikkje fordi dei er kvinner, men fordi dei kan ting som utfyller styret, samanfattar han.