Dette er slått fast i endringane i opplæringslova og friskolelova som tredde i kraft 1. august 2017.

Kort sagt, når ein elev, eller foreldre melder frå til rektor om at eleven ikkje har det bra på skulen, har skulen ei veke på seg til å ta tak i saka.

Dersom skulen bruker meir enn ei veke på å gjere noko med saka, kan elev/foreldre ta kontakt med Fylkesmannen.

Kva gjer Fylkesmannen?

Fylkesmannen passar på at skolen følger lover og reglar om at elevane skal ha det bra.

– Dersom vi meiner at skolen ikkje har gjort det den skal, kan vi bestemme kva skoleeigar skal gjere i saka, slik at eleven får det trygt og godt på skolen. Fylkesmannen kan også vedta konkrete tiltak skolen må gjennomføre, heiter det i pressemeldinga.

Fylkesmannen vil sette ein frist og sørgje for at skoleeigar følger opp innan fristen. Om skoleeigar ikkje følger opp saka, kan ein få bøter.

– Vi kan også rettleie om kva rettar foreldre og barn har.