Nicholas Hoddevik har skapt eit levebrød av å formidle gardsturisme på nett. No tar han suksessen til heimlege trakter.

– Eg har vore i kontakt med fleire gardar på Nordvestlandet om å formidle utleige og opplevingar på deira gardar via nettstaden, og veldig mange er positive til å knyte band med selskapet vårt, fortel Nicholas Hoddevik frå Måløy.

Saman med studiekameraten Reynald Naulleau driv han selskapet Zgoat som formidlar gards- og opplevingsturisme på internett. Kvar dag blir det i snitt registrert 25 nye gardar for utleige på nettstaden.

Utvidar tilbodet

Så langt har det vore gardar i Sør-Europa som har fått innpass på nettsida, men no vil Hoddevik inkludere gardsturisme på Nordvestlandet.

– Formålet med nettstaden er at folk over heile verda skal få moglegheita til å oppleve rural turisme, no også i Norge. Det er ingen i min næraste krets som lenger får lov til å velje charterturar lenger, no er det berre opplevingsferiar som blir akseptert, humrar Hoddevik.

Sidan lanseringa av Zgoat i oktober 2015 kan dei to no tilby 1.500 gardar fordelt på 30 destinasjonar. Dei har om lag 10.000 besøkande på websida si kvar månad og får daglege førespurnadar.

– Vi veks på alle parameter. Vi har ei tredobling sidan desember i fjor, så det byrjar å ta seg opp, men vi har framleis mykje å gå på, seier Hoddevik.

Internasjonal inspirasjon

Måløyværingen har gått med ein gründer i magen sidan han var liten. Det var aldri eit spørsmål om, men når han skulle starte noko eige.

– Det å vekse opp i Måløy med det miljøet som er her med innovasjon og satsingsvilje rundt seg, har vore ein inspirasjon for meg, fortel 37-åringen.

20 år gamal flytta han til Oslo og starta på ein bachelor i business og administrasjon. Studiane førte han til Australia og Frankrike der han fekk interessa for opplevingar som eit eige reisekonsept. Under studietida budde Hoddevik saman med Naulleau, som delte interessa for opplevingsbasert turisme.

– Det vart mange seine kveldar, og vi var samde om at det mangla ein slik aktør i bransjen, fortel han.

Og ti år seinare slutta dei altså i jobbane sine og satsa på draumen.

Nicholas Hoddevik vil utfordre daglegvarekjedene ved å tilby sal av lokalmat på internett.

– Når det på den lokale matvarebutikken er enklare å få tak i sveitsisk sjokolade enn syltetøy frå garden ti kilometer lenger inne i fjorden, er det noko som ikkje stemmer, meiner Nicholas Hoddevik.

Vil kjempe for bøndene

Zgoat, som han driv saman med Reynald Naulleau, skal i tillegg til å formidle gardsturisme, starte med sal av lokalmat frå gardane som allereie er knytt til selskapet, samt rekruttere nye som driv med mat.

– Dei små produsentane blir i dag skvisa ut frå marknaden. Anten er dei for små til å kunne forhandle fram gode nok avtaler eller så blir prisane pressa så mykje ned av dei store leverandørane at dei små rett og slett ikkje kan konkurrere med dei, forklarar Hoddevik, og legg til:

– Dette er løysing både for produsentar og kjøparar. Bøndene, som kanskje slit med å få plass i butikkjedene sine hyller, får ein marknadsplass for sine varer, og kjøparane får eit betre og meir variert tilbod samstundes som dei får valfridomen tilbake.

Størst i verda

Zgoat har høge ambisjonar på feltet, og vil med satsinga bli det største nettverket i verda der ein kan kjøpe produkt direkte frå leverandør. På denne måten vil Hoddevik og Neulleau utfordre matbransjen.

Måløyværingen trur både kunnskapen og interessa for mat er aukande blant folk, og at dei difor vil lukkast med det nye tilbodet dei lanserer.

– Det finst mange ulike trendar på mat, og no er det spesielt lokal mat det er fokus på. Folk ønskjer å vite kvar maten deira kjem frå og dei ønskjer seg reine gode råvarer i staden for prosessert mat. Dette blir viktigare og viktigare for folk, understrekar Hoddevik.

Zgoat, som vil tilby produkt frå internasjonale aktørar i kombinasjon med mat frå din lokale bonde, blir med dette unike ved at dei tilbyr ein heil pakke frå gardane som dei har knytt kontakt med.

– Vi blir ekstremt motiverte av å lykkast. Vi ønskjer å løyse problemet knytt til vilkår for bønder, samstundes som vi er glad i lokalmat og gardane, og ønskjer å kombinere dette for å gje eit fullstendig tilbod til våre brukarar.

Brukte Trip Advisor

For å velje ut kva gardar det kunne vere aktuelt å samarbeide med nytta karane i Zgoat applikasjonen Trip Advisor.

– Det var vanskeleg å finne dei rette gardane og å vite at dei kunne levere kvaliteten vi var på jakt etter, så då var appen til god nytte, seier Nicholas Hoddevik.

Trip Advisor er ei internettside og ein applikasjon der ein kan rangere og sjå andre sine rangeringar av til dømes restaurantar, overnattingsstadar og butikkar. Når Zgoat valde seg ut samarbeidsgardar valde dei berre dei som hadde fire av fem eller betre rangering. Zgoat har valt å halde fram med å bruke appen på nettsida.

– No er den eit verktøy på vår nettside for dei reisande, slik at dei kan sjå korleis andre har rangert garden og tilboda dei har. Det kan vere ganske skummelt å skulle reise til ein heilt framand og ny stad, som kanskje ikkje ligg like sentralt som fleire av dei godt kjende feriedestinasjonane. Då er det kjekt å sjå korleis andre som har vore der vurderar staden, maten og servicen, forklarar Hoddevik.