Då Shell i Måløy melde oppbod i mars dobla Måløy Servicesenter i Deknepollen omsetninga over natta. Likevel ønskjer dei konkurransen tilbake.

– Det var ingen som visste at dei kom til å stenge den morgonen (4. mars). Det eksploderte her hos oss og vi skjønte ingenting, seier dagleg leiar Ragnvald Kupen som eig Måløy Servicesenter AS saman med fleire. Auken blei så heftig at Kupen måtte sette inn mer betjening.

– Vi fekk jo omtrent alle kundane til Shell. Det blei eit par veker med hektisk aktivitet.

Ikkje ønskesituasjon

Etter den første sjokkbølgjen var over, og Måløy Havneservice gjennom konseptet MH24 etter kvart tok over pumpene i Måløy, har omsetninga så godt som normalisert seg igjen. Men Kupen ser framleis ein effekt.

– Ja, det er jo en del som heldigvis – når dei først har kome over – blir her. Omsetninga er framleis høgare enn før, seier han, men peikar også på at omsetningsauken også kom frå ein avtale drivstoffleverandøren deira, YX, har inngått med to store busselskap.

Men sjølv om det var triveleg for botnlinja til bensinstasjonen at konkurrenten forsvann, er det ikkje noken ønskesituasjon for eigarane.

– På kort sikt var det sjølvsagt positivt, men på lang sikt er det ikkje bra for utviklinga på staden. Bensinstasjonar er knutepunkt for små stader, og tomme vindauge og lite aktivitet har det med å forplante seg. Han trur også redusert aktivitet på staden gjer at færre besøkande vil kome.

– Vi har kundar frå fleire nabokommuner. Men det blir mindre attraktivt for dei å kome hit om vi har negativ utvikling på staden, seier Kupen.

Håpar på pluss i år

Sidan overtakinga for tre år siden og store startinvesteringar har stasjonen gått med underskot, og også fjoråret endar med raude tal. Men no kan det snu.

– Så langt i år ser vi positive tal. Det er første året, seier han, og medgir at det ikkje er eit latmannsliv å drive bensinstasjon.

– Her må ein jobbe lange dagar. Ingenting kjem gratis, og det er ein kamp for å kome på plusssida regnskapsmessig, seier Kupen, men meiner det er eit godt teikn at overskotet viste seg før Shell sin konkurs.

– Og så må eg rose dei tilsette som viser ei utruleg stå-på-vilje og positiv haldning til alle justeringar og effektivisering slik at vi no ser eit positivt resultat.