Årets havfiskefestival i Måløy har hatt eit stort fokus på unge, både i forkant og under festivalveka.

- Det er veldig bra. Ein fantastisk ide, seier Horst Schneider, president i EFSA (European Federation of Sea Anglers) etter å ha vore med på barnekonsert og blitt vist utstilling på biblioteket laga av barneskulane i Vågsøy.

Han håpar å kunne starte ein EFSA sommarskule for å vidareføre kunnskap om fisk og sjøliv til yngre generasjonar.

- Forhåpentligvis om eitt eller to år klarer vi å ferdigstille eit program der born kan lære om naturen, identifisere fisk og lære å lage mat av fisk, seier han.

Sunniva Oldeide er godt nøgd med innsatsen dei har gjort i Måløy.

- Det er veldig kjekt å vise kva vi har gjort, smiler ho.

Utstillinga på biblioteket i Måløy består av elleve plakatar med ulike fiskeslag som elevar frå barneskulane i kommunen har laga. Publikum kan stemme på sin favoritt av plakatane til og med fredag, før ein vinnar blir kåra laurdag.