Freisberg er tilsett som dagleg leiar i selskapa Furebuda Eigedom AS og driftsselskapet Furebuda AS, der Stig Ervik i Ervik Havfiske kontrollerer 80 prosent av aksjane. Per Stave AS eig 10 prosent, medan resten er delt på småaksjonærar.

Freisberg kom til Stadlandet på grunn av surfemiljøet og vart dagleg leiar i Stiftinga Sankta Sunniva Selja og Stad i februar.

Hotellrom i modular

– Eg sa opp i Stiftinga Sankta Sunniva etter prøveperioden, og var eigentleg på veg tilbake der eg kom frå. Men så hadde eg ein prat med nøkkelpersonar på Stadlandet der det vart ytra ønske om å satse på utvikling, fortel han.

– Råloftet på Furebuda er eit fantastisk flott rom med sju meter takhøgd. Her kan vi få til konferanserom utan veldig store kostnader, meiner Per Freisberg.

Freisberg har bakgrunn som organisasjonsutviklar, og ser stort potensial i Furebuda som ein del av turisttilbodet.

– Men å drive det som rein restaurant og pub er blitt prøvd og det har vist seg å ikkje gå. Eg har så langt mellom anna utarbeidd ei prosjektskisse, der eg føreslår å etablere overnattingsplassar i tilknyting til Furebuda her på Leikanger. Vi skal ikkje byggje «Dubai», og eg tenkjer målet må vere å skape pengar, så mitt forslag er å vurdere ei løysing med mobile hotellrom i modular. Ein kan få eit slikt hotellrom for ein femtedel av prisen av å byggje eit hotellrom på staden, og standarden er topp. I tillegg kan det lett seljast vidare om det skulle vise seg å ikkje gå, seier han og antydar at ein til dømes kan starte med fem rom og utvide etter behov.

Freisberg har sett seg ut eit område på nabotomta til formålet. Tanken er å sikte seg inn mot konferanse- og bedriftsmarknaden som ein del av driftsgrunnlaget. Freisberg har kasta auga på råloftet i Furebuda. I dag er to etasjar pussa opp.

– Det er eit fantastisk rom med sju meter takhøgd. Det er ikkje enorme kostnader som skal til for å gjere det om til eit attraktivt konferanserom med utsikt rett mot havet.

– Slik det er i dag har ikkje folk som kjem hit sjanse til å overnatte utan å ta taxi lange vegar. Tanken er at kundane må kunne kome hit, nytte konferansetilbod, restaurant og pub, og så kunne gå og legge seg.