Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) tilrår at det ikkje blir fiska lodde i Barentshavet i 2017.

Under årets økosystemtokt blei det registert svært lite lodde i Barentshavet, melder Havforskningsinstituttet.

– Berekningane av loddebestanden viser at det er mindre vaksen lodde enn i fjor, og at mesteparten står i norsk sone, seier havforskar Bjarte Bogstad ved Havforskningsinstuttet.

Den norsk-russiske haustingsregelen for lodde tek omsyn til torskens beiting på lodda, så det vert opna for eit loddefiske berre når det er eit haustbart overskot av lodde.

– Loddebestanden er no så liten at det ikkje er noko overskot å hauste av.

Lodda er ein nøkkelart i Barentshavet og favorittmaten til torsken, opplyser Havforskningsinstituttet.

– Det er grunn til å spørje om lite lodde fører til mindre mat for torsken, men under toktet har vi funne mykje polartorsk i russisk sone og også ein del ungsild. Dette kan vere viktig mat for torsken, seier Bogstad.

Havforskingsinstituttet støtter rådgjevinga frå ICES. Kvoten for 2017 blir avtalt under den norsk-russiske fiskerikommisjonens møte 17. – 20. oktober. For 2016 følgde fiskerikommisjonen rådet frå ICES om null fiske.