– Det er mykje eingongsbestikk, koppar, flasker, garn og blåser på stranda. Det ser stygt ut og det er farleg for fisken, seier elev Andrea Carlson.

Elevane har nyleg hatt plast og mikroplast som pensum i naturfagstimane, og mange av elevane hadde tankar knytt til marin forsøpling.

– All denne plasten kan bli broten ned til mikroplast. Då kan fisken ete den, og så får vi det i oss når vi et fisken, legg Aurora Tomine Dalelv til.

Miljødugnad

I likskap med dei aller fleste kommunane i Sogn og Fjordane tar Vågsøy del i Kystlotteriet. Dette er ei ordning som er skipa av Naturvernforbundet med fleire aktørar på laget. Kystlotteriet er ei ordning som skal motivere folk til å rydde fjører, strender og langs vassvegar.

– Kommunen tar del i dette for å få sine strandområde ryddige og fri for søppel. Vi er veldig glad for å få vere med. Vi er ein kommune med lange strender og store område som treng å bli rydda, seier tenesteleiar Odd-Roberg Solvåg for drifts- og anleggsavdelinga.

Når ein har rydda, leverer ein inn avfallet saman med loddet. Loddet vert med i lokale og ei nasjonal trekning av premiar som reiser, overnattingar, konsert- og kinobillettar, kurs og andre opplevingar.

– Dette er noko alle innbyggjarar, lag, organisasjonar og skuleklasser kan vere med på. Alt søppelet kan ein levere inn på gjenbruksstasjonen gratis, forklarar Solvåg, som legg til at dersom skuleklasser vil delta i prosjektet vil kommunen stille med transport av søppelet til gjenbruksstasjonen i Vedvik.

Har fokus på reint lokalmiljø

Ordførar Kristin Maurstad (Ap) i Vågsøy fortel at kommunen er oppteken av å hindre marin forsøpling.