– Dette er veldig viktig, utruleg spanande å sjå kva ein er i ferd med få til. Vi skal ta store kutt innan ikkje-fornybare energikjelder fram mot 2030. Og hovudtyngda av utslepp skal kuttast innan samferdslesektoren. Vi tek ein del på elbilar, men det er ikkje nok. Vi må kutte andre stader innan samferdsle også, som ferjer og annan transport, seier Solberg til Fjordenes Tidende.

– Kor mykje har Norge forplikta seg til å redusere CO2-utsleppa ifølgje Parisavtalen?

– Vi har meldt inn 40 prosent kutt innan 2030.

– Er det nok med tanke på dei klimautfordringane vi ser?

– Vi skal hugse på at vi no ser ei teknologiutvikling mot utsleppsfrie alternativ som eg trur berre vil auke på. Men målsettinga i Parisavtalen er meldt inn og vil ligge der.

Verdshending

Erna kom til ferjestrekket Anda-Lote frå båtbyggjarverksemda Brødrene Aa i Hyen, der dei er i ferd med å bygge ein heil-elektrisk katamaran. Det skjer med andre ord mykje spennande i Nordfjord for tida når det gjeld utvikling av utsleppsfrie fartøy til sjøs.

I rute til november

Fjord1 har for tida to heilelektriske ferjer under bygging i Tyrkia, og desse skal vere i rute til overlevering no i november.

Investeringane er større, men driftskostnadene klart mindre. Elferjene er meir effektive og sparer energi.

Det var tysdag statsministeren var på vitjing. Ho drog vidare frå Lote-Anda til besøk hjå Eid Elektro, Nordfjord psykiatrisenter og Sagastad der ho møtte både båtbyggjarar frå Bjørkedalen og MGPjr-vinnarane Oselie, Vilde & Anna.

Får større kapasitet

Når dei nye ferjene kjem aukar kapasiteten til 120 personbiler, 12 trailerar og 349 passasjerar.

12,6 meter høge ladetårn er montert på kvar side av Nordfjorden på ferjestrekket Lote-Anda. Tårna er nesten dobbelt så høge og kraftige som tårna til ladinga av Ampere på Lavik-Oppedal. Det er selskapet Stemmann-Technik, lokalisert i Schüttorf i Tyskland, som har levert ladetårna. Siemens i Trondheim er systemintegrator med ansvar for ladesystema både på land og ombord i fergene. Dei har også levert tavler, elmotorar, batteri- og kontrollsystem ombord i ferjene.

Slik ser ladetårnet på Lote ut sett frå brua på MS Årdal.

Den elektriske framdriftsløysinga BlueDrive PlusC inkluderer integrert alarm- og overvåkingssystem, litiumionbatteri og styringssystem. Batteria på ferja blir lada på kvar side av fjorden, med ei fast tilknyting til straumnettet. Ladinga vert overvåka frå ferja via WiFi-kommunikasjon.

Det er Veidekke som har ansvaret for utbygginga av dei to kaiområda på kvar side av den 2,4 km breie fjorden. Av lokale verksemde har Eid Elektro ei stor kontrakt som underleverandør. Det blir bygd ny liggekai for den av ferjene som ikkje går i rute om natta. Samstundes med elektrifiseringa blir det installert system for automatisk billettering, autopass, levert av Q-Free.

– Eit paradigmeskifte

Driftsdirektør André Høyset i Fjord1 var med og orienterte statsministeren om utviklinga.

– Det er i ferd med å skje eit paradigmeskifte. Det som skjer på Lote-Anda frå nyttår er starten. Her blir det null utslepp etter 1. januar. Og utviklinga går fort. Vi ser på lengre ferjestrekk at elferjer ikkje har nok kraft. Men vi er i ferd med å utvikle tredje generasjon, med hydrogen. Her skal vi ha den første i drift frå 2021, men vi må gå opp ein veg med regelverk og utvikling av teknologi, seier Høyset.

Statsminister Erna Solberg besøkte dei som styrer ferja. Skipper Helge Bjørneset til høgre. Statsministeren i samtale med driftsdirektør André Høyset i Fjord1.

Statsministeren hadde fått med seg at det har vore bråk med misnøgde trafikantar som følgje av dårleg kapasitet på reserveferje på strekket.

Regionsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen informerte om at dei to elektriske ferjene som kjem frå nyttår legg til rette for at situasjonen vil bli mykje betre.

– No får vi to ferjer i staden for ei. Og det blir 20 minutts avgangar i staden for 30. Så no kan ein slutte å lese rutetabellen.