Biltema-kjeda med 65 varehus i Norge, 46 i Sverige, 15 i Finland og 11 i Danmark satsar offensivt med mål om å ekspandere til å bli landets største kjede for multi faghandel. Laurdag opna kjeda første varehus i Nordfjord. Lokaliseringa er på Eid i tilknyting til Amfi Nordfjord.

– Og vi har varer i hyllene for cirka 20 millionar kroner.

Over 100 på møte

70 medarbeidarar frå butikkar rundt i landet var sist veke på Eid og bygde opp butikken. I løpet av fire dagar var dei enorme flatene blitt til ein moderne butikk med bugnande hyller.

I samband med opninga av varehuset deltok han også på eit møte i regi av Eid kommune, der temaet var «Handelsnæringa i Eid: Korleis møter vi framtida». Temaet engasjerte, for over 100 personar møtte på Nordfjord Hotell.

Bil, båt, bygg, verktøy

Biltema har åtte varegrupper – bil/MC, båt, fritid, heim, kontor/teknikk, bygg, bilpleie og verktøy. Sjølv om det kan tenkjast at varehuset vil gå eksisterande handel i næringa, kom det ikkje fram negative haldningar til nyetableringa.

Biltema-sjef Svenningsen opplyser at dei spesielt har vakse innan bygg den siste tida. Dei har rigga til hentelager på nedsida, der kunden kan køyre inn porten og lesse på større vareartiklar.

– Vi reknar med om lag 40 millionar i netto omsetnad i 2018 og cirka 60 millionar når vi er godt etablert, konstaterer Svenningsen.