Om kort tid samlar eit knippe menneske seg på Knutholmen i Kalvåg for å gjere ein innsats for å skaffe midlar til utbetring av problemvegen mellom Oldeide og Kalvåg.

- Vi kjem til å ringe rundt til bedrifter for å be om pengar til utbetring, sa Jan Fredrik Fosse til fjt,no tidlegare i veka, og han understrekar at dei også vil vere avhengig av hjelp frå privatpersonar.

Og det er allereie i gang. På spleis.no der Aksjon betre veg ytre har laga ei innsamling har det allereie kome inn om lag 73.180 kroner per klokka 11.30 onsdag føremiddag (www.spleis.no/25914). Med andre bidrag er det, ifølge Firdaposten, kome inn nær 250.000 sidan aksjonen starta. Det betyr at totalsummen, med dei 250.000 som tidlegare var samla inn, er på ein halv million kroner totalt.

For å utløyse spleiselaget med Sogn og Fjordane fylkeskommune og Bremanger kommune må imidlertid næringsliv og privatpersonar bidra med 2 milliionar til saman. Fosse satsar på at dei klarer å samle inn dette, og håpar folk opnar lommeboka.

- Det blir også ein julequiz 29. desember der aksjonsgruppa vil opp­sum­me­re inn­sam­lin­ga og leg­ge fram det vi har fått inn.

Håper er at eit eventuelt restbeløp vil kunne verte samla inn på quizen der inntektene går til vegen.

Men i dag håpar Fosse at næringslivet tar telefonen når dei ringer og at vanlege folk ser nytta av å hjelpe til:

- Vi håper folk er med på å gi. Det kan være fem­ti el­ler fem hund­re kro­ner, alt hjelper!