– Eid kommune er uroa over den samla auken i kommunale avgifter og eigedomskatt dei siste åra. Vi er sterkt usamd i forslaget om ytterlegare auke av eigedomsskatten frå 3 promille til 4 promille. Kommunen må finne andre måtar å få budsjettet i balanse på, skriv pensjonistlaget i eit brev til kommunen.

Dei meiner eigedomsskatten vil råke dei eldre i Eid kommune sterkt.

– Eigedomsskatten råkar sterkt ei gruppe eldre som sit med store og til dels gamle hus. Hus som også har relativt høge oppvarmingskostnadar og vedlikehaldsutgifter. Dette er husstandar med gjerne ein eller to personar. Ein stor del av denne gruppa er pensjonistar med den årlege pensjonen som einaste inntekt. Ytterlegare auke i skatt og avgifter vil difor råke desse på ein sosialt uheldig måte, skriv laget i eit brev til politikarane i kommunen.