Arbeidet med ny kai i Leirgulen er godt i rute og prosjektleiar Gunnar Yttrehus i Bremanger kommune trur på ferdigstilling til nyttår.

Arbeidet med den nye kaia i Leirgulen starta i august i år, og allereie til nyttår vil den nye kaia vere klar til bruk.

Kaia skal i hovudsak bli brukt til anløp for hurtigbåtane til og frå Bergen, men vil også vere proporsjonert for lastebåtar inntil ein viss storleik.

– Fram til no har kommunen leigd kai frå private, noko som i det lange løp ikkje er tilfredsstillande, seier prosjektleiar Gunnar Yttrehus.

5,5 millionar

Kommunen vedtok bygging av kaia våren 2014, med ei investeringsramme på 5.5 millionar kroner.

Før kommunen gjekk til dette steget hadde det vore forsøkt ei løysing med ei lekterkai, men det viste seg at denne ikkje tilfredsstilte behova godt nok.

– Testing viste at det ikkje var ei framtidsretta løysing, sa Monica Sande, fagleiar hamn, til Fjordenes Tidende då avgjerda om å bygge heilt ny kai blei tatt.

August 2015 starta altså arbeidet med kaia, og torsdag starta arbeidet med sjølve den landbaserte delen anlegget. Her skal det bli både parkeringsplass og gatelys. I planen er det også lagt til rette for busshaldeplass og venterom, samt eit mindre område for småskala næringsutvikling.

Kan endre reisemønster

Gunnar Yttrehus seier til Fjordenes Tidende at kaia ikkje er eit resultat av at Kolset kan bli eit nytt trafikknutepunkt i Bremanger etter at fastlandssambandet stod ferdig.

Frå kommunesenteret Svelgen har det vore naturleg å ta båten frå Florø, sjølv om Leirgulen ligg mykje nærare – om lag 20 minutt med bil.

Gunnar Yttrehus trur det kan vere eit poeng at passasjerar blir usikre når dei må blinke med lys for å signalisere at båten skal stoppe. Det er heller ikkje lagt opp til korresponderande buss. Men kanskje vil reisemønsteret endre seg no når kai med mange parkeringsplassar vil stå ferdig.

– I motsetnad til Florø blir det også heilt gratis, seier Yttrehus.

Det er A. Våge AS som står for bygginga av den nye kaia, medan Ivest Consult AS har prosjektert kaianlegget.