Like før klokka 23 var 100 prosent av stemmene telte i Bremanger. Espen Sortevik og Ap stakk av med meir enn ein tredjedel av - 34,7 prosent. Men Sortevik sjølv  - han er i Kina.

Valsigeren fører til mandatauke for Ap, opp til åtte,  i kommunestyret og mest truleg ordførarstolen for Sortevik.

Andrekandidat på lista Åse Leirgulen seier dei enno ikkje har fått tak i Sortevik for å fortelje den gode nyheita.

- Men det blir ei god overrasking for han?

- Absolutt!

- Kva tenkjer du om det gode valet de gjorde?

- Vi er først og fremst veldig glade og fornøgde fordi vi har gjort eit veldig godt val. Vi har blitt det største partiet, seier Leirgulen som både er overraska, og likevel ikkje, over å få så mange stemmer.

- Vi tok det ikkje for gitt at vi skulle få eit så godt val og gå fram med to mandat, seier Leirgulen, som peiker på ei god liste som ein av suksessfaktorane.

- Vi har god variasjon, breidde i alder, geografi og bakgrunn. Og så prøvde vi å være synlege, aktive på sosiale medier. Og vi begynte valkampen tidleg.

No skal Leirgulen og dei andre i Ap ha det hyggjeleg på Svelgen hotell før dei i morgen samlar partiet.

- Eg vil ikkje forskottere noko i kveld om kven vi vil snakke med, seier Leirgulen.

Slik blei valresultatet i Bremanger:

Arbeidarpartiet 34,7 prosent

Høgre 21,7 prosent

Senterpartiet 19,3 prosent

Venstre 14,3 prosent

KrF 6,1 prosent

Sosialistisk Venstreparti 3,9 prosent