Eit statleg oppnemnd akuttutval har lagt fram ein delrapport om akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus, melder Sunnmørsposten.

Dei vil ha nasjonalt krav om at 90 prosent av befolkninga skal ha maksimalt 40 minutt køyretid til næraste legevaktstasjon. Og innan ein time skal 95 prosent kunne nå fram til legevakta.

Krav om maksimal køyretid til legevakt kan truge den interkommunale nattlegevakta ved Volda sjukehus, fryktar rådmann Rune Sjurgard og kommuneoverlege Arne Gotteberg i Volda.

I fleire år har sju kommunar på søre Sunnmøre hatt felles legevaktsentral lokalisert ved akuttmottaket ved Volda sjukehus.

- Dette vil medføre at kommunar i ytre strøk ikkje lenger vil kunne nytte den etablerte nattlegevaktordninga ved Volda sjukehus. Denne delen av utgreiinga vil vere ein trussel mot det velfungerande felles akuttmottaket vi saman med helseføretaket har bygd opp ved Volda sjuk

ehus og indirekte ei svekking av akuttfunksjonar der, heiter det i saksutgreiinga administrasjonen har skrive til politikarane.

Der har dei også rekna ut at grensa for 40 minutt til Volda sjukehus går om lag på Rise i Hareid og på Leikongeidet og i Stokksund i Herøy. Om 40-minuttskravet skulle bli innført, vil nokre av kommunane i ytre måtte avvikle dagens samarbeid om nattlegevakt.