Advokat Endre Rutledal, som er peika ut til å vere bustyrar, stadfestar at Jibben er tvinga til å stengje.

– Det er sett fram krav om tvangsoppløysing av selskapet, og det er i realiteten eit konkursbu, seier Rutledal.

Han forklarar at årsaka til konkursen er at puben i Måløy ikkje har levert inn rekneskap for 2012.

– No blir det vanleg bubehandling. Ein sender ut melding til kreditorane om at det er gått til tvangsoppløysing og at dei må melde krava sine innan 20. juni, så skal det vere skiftesamling 26. juni. Då går ein gjennom og får status på buet, informerer Rutledal.

Han forklarar at det er åtte personar som mister jobben sin som deltidstilsette.

Det har ikkje lukkast Fjordenes Tidende å få kontakt med eigar og dagleg leiar Bjørn Tungevåg.