Ein mann i 20-åra fekk fleire hundre kilo over seg under eit arbeidsuhell i Måløy i dag.

Dagleg leiar i Sætren Installasjon, Kjell Gunnar Tennebø, fortel at det etter omstendene står bra til med mannen.

To andre personar i 20-åra vart også skadd i uhellet. Alle tre som var involvert i uhellet som skjedde klokka 09.45 i dag, er tilsett i Sætren Installasjon AS

Dagleg leiar Kjell Gunnar Tennebø fortel at det var medan dei tre holdt på å løsne eit trekkrør at uhellet skjedde.

– Dei tre skulle løsne nokre plater frå veggen, og ein fekk då overbalanse på fasadeplatene. Han som er mest skadd fekk desse platene over seg, og eg kan tenke meg det var ei vekt på om lag 300-500 kilo, fortel Tennebø.

– Eg har vore i kontakt med legen og det skal dreie seg om ribbeinsbrot. Men vedkomande er sendt vidare til sjukehus for å vidare undersøkingar. Han har fått mykje vekt over seg, men er ein sterk kar, seier Tennebø, og legg til:

– Dei to andre personane vart undersøkt av lege, og den eine av desse er sendt vidare til røntgenundersøkingar.

Saka blir følgt opp av lensmannskontoret i Vågsøy