Ved utgangen av januar er det 1416 personar i Sogn og Fjordane heilt utan arbeid. Dette er ein auke på 156 personar frå januar i fjor.

– Auken er ikkje større enn vi hadde venta og råkar spesielt menn i oljerelatert verksemd, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes i ei pressemelding.

Samstundes har ni kommunar reduksjon i arbeidsløysa i januar. Størst reduksjon har Bremanger og Vågsøy med høvesvis 37 og 27 færre ledige enn på same tid i fjor. Reduksjonen i desse kommunane skuldast færre permitterte i fiskeindustrien.

Lågast arbeidsløyse finn vi i Solund med 1,0 prosent, og Gaular og Hornindal, begge med 2,4 prosent. Hyllestad med 6,9 prosent, Flora med 4,4 prosent og Høyanger med 3,9 prosent, har høgast arbeidsløyse. Dette er dei einaste kommunane i fylket vårt som ligg over landssnittet.

På landsnivå har arbeidsløysa auka med 13 prosent frå januar i fjor. Det er store forskjellar mellom fylka og det er vestlandsfylka og Agder-fylka som står for auken. Sogn og  Fjordane har ein auke på 12 prosent.

Oppland og Troms lågast

Med 2,5 prosent av arbeidsstyrken heilt utan arbeid, har Sogn og Fjordane ikkje lenger lågast arbeidsløyse i landet. Vi må sjå oss passert av Oppland og Troms, begge med ei arbeidsløyse på 2,4 prosent. På landsnivå er det 93 300 heilt ledige, tilsvarande 3,4 prosent av arbeidsstyrken.

Flest menn

Samanlikna med januar i fjor, har det blitt 174 fleire heilt ledige menn, mens det har  blitt 18 færre ledige kvinner. Dette skuldast at auken har vore størst innan mannsdominerte yrke innan industri, bygg og anlegg. Aldersgruppene over 40 år står for det meste av auken.

Flest nye ledige i industri, bygg og anlegg

Det er 46 fleire ledige industriarbeidarar enn i januar i fjor. I bygg og anlegg er det ein auke på 57 personar, mens ingeniør- og ikt-fag har ein auke 36. Dei fleste av dei nye ledige i desse kategoriane er menn.

I januar er det 188 heilt permitterte i Sogn og Fjordane, 40 fleire enn i same månad i fjor. 78 av dei permitterte kjem frå industri, derav 30 frå fiskeindustri, mens 56 kjem frå bygg og anlegg.

Mange ledige stillingar

I alt 634 nye stillingar er registrert i januar, ein auke på 44 prosent frå januar i fjor. Auken er størst innan bygg og anlegg og industri. Her er det mellom anna etterspurnad etter  tømrarar og laste- og lossearbeidarar. Den største stillingskategorien er likevel helse, pleie og omsorg, med 227 nye ledige stillingar.

– Dette viser at det framleis er gode moglegheiter for å skaffe seg jobb i Sogn og Fjordane.

I tillegg til dei utlyste stillingane, er det minst like mange stillingar som ikkje er lyst ut offentleg, seier Thorsnes