Fylkesting for ungdom 2016 har valt nytt ungdomspolitisk utval for 2016/2017. Ein lokal ungdom er med i utvalet.

Ungdommar frå heile fylket har vore samla på Skei denne helga for å delta på fylkesting for ungdom, ungdommen i Sogn og Fjordane sitt øvste talerøyr. Ungdom frå ungdomsråd og kommunar i fylket, fylkesdekkande ungdomsorganisasjonar og polistiske ungdomsparti deltok på tinget. Fylkesting for ungdom har mellom anna valt nytt ungdomspolitisk utval, som skal arbeide på vegne av FFU fram til neste tingsete.

Ungdomspolitisk utval 2016/2017

Leiar: Emma Berge Ness, 17 år, Viksdalen

Nestleiar: Rune Holsen Nygård, 19, Florø

Medlem: Ole Martini, 16, Eid

Medlem: Frida Helleland Sætre, 19, Vangsnes

Medlem: Jorun Yri, 17, Leikanger

Emma Berge Ness, ny leiar i ungdomspolitisk utval, gler seg til å ta fatt på oppgåva:

- Eg er veldig takksam for å få tillit som leiar av UPU. Eg er veldig nøgd med utvalet og gler meg til å utføre den viktige jobben vi har fått, seier ho i ei pressemelding.