Kyrkjeverje Anne Gry Fløien jobbar med å få oversikt over skadane i Sør-Vågsøy kirke etter at nokon sette fyr på den natt til laurdag.

– På grunn av røyk og røykjelukt må vi flytte alle kyrkjelege aktivitetar i ei tid framover, anten til Nord-Vågsøy kyrkje eller Totland kyrkje, seier kyrkjeverje i Vågsøy, Anne Gry Fløien.

Det var natt til laurdag at at nokon hadde sett fyr på hovuddøra til Sør-Vågsøy kirke. Vågsøy brannvesen var raskt på staden og fekk sløkt brannen. Kva tid kyrkja kan takast i bruk igjen, er usikkert.

– Vi opnar ikkje opp kyrkja for bruk før vi veit at det er forsvarleg, seier Fløien.

Ho synest det er trist at nokon kan få seg til å gjennomføre ei slik handling.

– Heldigvis har alle dei tre kyrkjene våre gode varslingssystem, seier ho.

Mange har teke kontakt med kyrkjekontoret måndag.

– Folk synest dette er trist. Nokre blir sinte, og folk er meir engasjerte enn redde.

Konstituert lensmann i Vågsøy, Tor Sæther fortel at dei jobbar for fullt med etterforskinga.

– Vi ser svært alvorleg på saka. Hadde brannvesen kome seinare, er det usikkert om dei hadde klart å sløkke brannen, seier Sæther.

Politiet bad søndag om at eit mogleg vitne, som har opphalde seg i området rundt kyrkja då brannen blei meldt cirka klokka 00.20 om natta, om å ta kontakt. Personen, ei kvinne eller ein mann har vore ikledd fargerike kle, noko rosa eller raudleg på overkroppen.

– Vi har ikkje vore i kontakt med vedkommande endå. Vi er interessert i å få snakke med personen. Og om andre har sett ein person i fargerike kle, må dei melde frå til politiet, seier han.

Politiet har gjennomført avhøyr av vitne, følgjer opp dei trådane dei har, og ber om meir tips frå publikum.

– Det er viktig at folk som har observert noko fredag kveld eller natt til laurdag tek kontakt, uansett om ein tenker at det ikkje har noko med saka å gjere. Meld ifrå likevel, slik at vi får vurdere desse opplysningane. Vi ønsker også å komme i kontakt med folk som har vore ute og køyrt bil, som kanskje har kamera i bilen og elles observasjonar av bilar. Vi går breitt ut og held alle teoriar opne, seier Sæther.

Han kan ikkje hugse å ha oppleve kyrkjebrann i si karriere i politiet.