– Den dagen du sluttar å utvikle deg, er du ferdig, seier Stig Ervik etter at Ervik Havfiske investerer 350 millionar kroner på to båtar som skal fiske tannfisk nær Sørpolen.

– Båtane blir dei første som er bygd spesielt for fiske i CCAMLR-området (Commission for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources) i Sørishavet, så langt mot Sørpolen du kan kome. Det blir nye løysingar på skroget, spesialkonstruert for å opererer i is, seier dagleg leiar Stig Ervik (bildet) i Ervik Havfiske Holding om designen på båtane som no er bestemt.

Dei nye båtane til Ervik Havfiske som skal fiske patagonisk tannfisk skal heite Argos Georgia og Nordic Prince, etter tidlegare båtar i reiarlaget frå Stadlandet. Prislappen på dei to nybygga blir ifølgje Ervik kring 350 millionar kroner og dei to båtane blir dei første i sitt slag. Reiarlaget vil framleis ikkje avsløre kor dei to fartøya skal byggast.

Designa i Herøy

Marin Teknikk Design & Engineering i Dragsund i Herøy har designa båtane.

– Vi har samarbeidd med dei om design sidan 1995 med gode erfaringar. Dei designa fire båtar for oss i 1998, ein i 2001 og ein i 2011, seier Ervik.

Det hittil siste nybygget for det som blir omtalt som verdas største linereiarlag, er Frøyanes. Prislappen for den 60 meter hypermoderne linebåten var 175 millionar kroner då han stod ferdig i 2011.

Dei to nybygga som skal vere ferdig i januar 2018, blir 53 meter og med noko enklare fabrikkløysing. Det skal vere fabrikk for kutting og frysing om bord. Dei nye båtane skil seg også frå Frøyanes ved at det blir meir lugarplass for mannskapet på inntil 30.

– Frøyanes vart bygd for fiske i Barentshavet, dei to nye skal fiske under heilt andre tilhøve og blir bygd etter det.

Største satsinga til no

Det er fiskearten Patagonisk tannfisk dei to nye linebåtane skal fiske etter. Denne fisken kan bli to meter lang og 160 kilo tung. Ervik Havfiske har hatt to-tre båtar i Sørishavet som har drive denne type fiske.

– Ein av båtane blir no skifta ut med ein ny. Det siste året har vi hatt to båtar i området. Med dei to nye blir det tre, så sant vi får kvotar, seier Stig Ervik, som fortel at dei må søkje om kvotar årleg.

Investeringa på 350 millionar kroner blir den største i historia for selskapet sidan starten i 1987 då tremenningane Stig og Kjell Magne Ervik bestemte seg for å hoppe av jobbane som kaptein og maskinist for å satse på eiga hand.

– Den dagen du sluttar å utvikle deg, er du ferdig. Det er den største satsinga vår nokon gong, men eg føler det er kontrollert. Vi misser ikkje nattesøvnen, avsluttar Stig Ervik.

– Tyrkia er ein del billegare

Tilbod frå norske og tyrkiske verft viser at det er ein del billigare å byggje i Tyrkia, ifølgje Stig Ervik.

– Det er ein del skilnad, og det er billigare i Tyrkia, seier Ervik.

I mai var han ei veke i Tyrkia for å forhandle, men han vil likevel ikkje stadfeste at bygginga skal skje i Tyrkia.

– Avgjerda har drege ut. Det som talar for å byggje i Norge, er at erfaring viser at andrehandsverdien på båtar bygd i Norge er høgare. Linebåtar bygd her har alltid hatt eit godt rykte, seier han.

Frøyanes, som stod klar i 2011, vart bygd ved Tersan Shipyard i Tyrkia. Det Ervik tidlegare har trekt fram som eit moment for bygging lokalt, er at Ervik Havfiske sitt eige verft på Stadlandet, Westmek, lettare kan få underleveransar.

– Westmek skal uansett gjere ein god del, seier han. Tre verft på Vestlandet og to i Tyrkia har vore med i anbodskonkurransen. Blir dei bygd i Tyrkia, kjem ikkje båtane hit til landet med det første. Då går dei rett til Sørishavet.

Dei siste åra fram mot 2014 var det nedgang i fiskerinæringa, spesielt innan kvitfisk som Ervik Havfiske styrer med. Men no peikar alle piler opp, torskeprisen har heva seg frå 13,50 til 27 kroner. Verksemda vil nytte dei gode tidene til vidare ekspansjon.