– Partia må ta jobben med å få inn fleire kvinner og å få dei i posisjon. Ein får gjort lite med kva folk gjer med stemmesetelen sin, men partileiinga vel partia sjølve, og då er det viktig at dei tar ansvar, seier Kupen.

I Arbeidarpartiet, fortel Kupen at dei har fokus på dette.

– I Ap møter vi seks personar i kommunestyret, og vi møter som regel tre kvinner og tre menn. Vi har kvinneleg leiar i partiet og gruppeleiaren er mann. Vi har fordelt dette på kjønn, forklarar Kupen.

I Vågsøy kommune har ein to hovudutval. Eit for helse og omsorg, og eit for oppvekst og kultur. Begge desse er leia av mannlege politikarar.

– Eg meiner det er forunderleg at når vi driv så mange ting som omhandlar ve og vel for barn, unge, eldre og folk som treng omsorg, at det skal styrast av menn. Kanskje eg har eit gamaldags syn, men det er no ein gong slik at kvinner er vel så gode omsorgspersonar som menn, og då er det rart av vi må vere eit fleirtal av menn for å vedta saker som omhandlar dette. Eg klarar å sjå det frå utsida og seier at det er rart, påpeikar Kupen.