Måløyraidsenteret fekk eit nytt skot for baugen i finansutvalet onsdag, melder NRK Sogn og Fjordane.

Fylkesdirektør for kultur foreslo at hovudutval for kultur av budsjettmessige årsaker skulle avslå søknaden om tilskot frå Stiftelsen Måløyraidsenteret.

Men eit samrøystes kulturutval vedtok tysdag at dersom det blir løyvt ekstra statlege midlar til å sikra at Musea i Sogn og Fjordane kan stå for ei forsvarleg drift av Måløyraid-senteret, ville fylkeskommunen vere innstilt på å delta med sin del av investeringsbudsjettet.

Staten har allereie løyvd 2 millionar til investering, og det vart tidlegare i år lovd 600.000 kroner til årleg drift. Men i finansutvalet nekta dei raudgrøne å følgje opp vedtaket til kulturutvalet.

Det var etter det NRK melder Høgre, Venstre, KrF, Frp og Nils Gjerland frå Sp som røysta for. Ap, SV og resten av Sp røysta imot.