Fylkesordførar for Arbeidarpartiet, Åshild Kjelsnes, måtte seint måndag kveld innrømme at slaget var tapt.

- Sjølv om vi har gjort eit godt val, så må vi innsjå at Senterpartiet har gjort eit langt betre val. Folk i fylket har talt. Og resultatet må vi respektere, sa Kjelsnes natt til tysdag.

Ho meinte det var naturleg at det flotte fylkesordførarkjedet ho har hatt i fire år blir levert over til Jenny Følling.

- Vi må respektere folk sine meiningar gjennom demokratiske val, sa Kjelsnes før ho gjekk i samtalar og forhandlingar med mellom andre Senterpartiet om ansvarsfordelinga dei neste fire åra.

- Fordelen no blir at vi kan vere meir tydelege på Arbeidarpartiet sin polititikk. No treng eg ikkje vere ein talsperson for fylkeskommunen og heile fylket, sa Kjelsnes til Fjordenes Tidende natt til tysdag.