Prosjekt «Undervisningskonsesjon» starta opp i 2015 som ein av dei første tiltaka i Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane. No er papira klare og den første milepælen nådd, opplyser fylkeskommunen torsdag.

– Dette er svært gledeleg og veldig viktig for rekrutteringa til dei marine næringane og kvaliteten på dei marine opplæringstilboda vi har her i Sogn og Fjordane. Dette vil gje ei knallbra utdanning til fiskeri- og havbruksnæringa. Vi vil utdanne folk som kan skape nye arbeidsplassar basert på våre naturressursar på kysten – noko som igjen kan bidra til å auke folketalet i fylket, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Det er elevane ved naturbruk- og akvakulturlinja ved Måløy vidaregåande skule som vil nyte godt av den nye undervisningskonsesjonen i opplæringa si. Konsesjonen tilhøyrer Sogn og Fjordane fylkeskommune, men vert leigd ut til Marine Harvest Norway som skal drifte han.

Selskapet vil betale ei årleg leige i dei ti åra konsesjonen varer. Det er signert ein intensjonsavtale som regulerer dette. Mest truleg vert den endelege avtalen mellom Marine Harvest og fylkeskommunen signert under fiskerimessa Aqua-Nor i Trondheim i august.

Leigeinntektene frå konsesjonen skal gå inn i eit fond. Mykje av midlane vil bli nytta til å vidareutvikle undervisningsopplegget innan akvakultur ved den vidaregåande skulen i Måløy, men også andre kompetansehevande tiltak for næringa kan gjennomførast.

– Dette har vi jobba lenge for. No skal fylkeskommunen i lag med næringa og skulen utvikle ei god og interessant akvakulturutdanning ved Måløy vidaregåande skule, fortel marin koordinator Lena Søderholm i fylkeskommunen.