To av dei som ein gong sjølve var lokale talent og som blei gründerar tenker no aktivt rekruttering. Dei to bedriftsleiarane Sindre Kvalheim i LocalHost og Øyvind Reed i Videonor går no saman om å etablere eit akademi for å utvikle lokale talent. Gjennom Måløy Academy vil LocalHost og Videonor bygge ein moderne skule der dei kan knyte til seg dei største talenta allereie i ungdomsskulealder. Både LocalHost og Videonor har heile tida vore opptekne av å rekruttere og utvikle lokale talent. Begge selskapa er godkjende lærebedrifter, og har gjennom fleire år hatt til saman 13 lærlingar innom dørene. Dei to selskapa har jobba både i lag og kvar for seg med å lære opp nye talent, men no set dei elevar og studentar saman i eit system og eit større miljø gjennom Måløy Academy.

Dei to bedriftsleiarane er også opptekne av eit tett og godt samarbeid med Måløy vidaregåande skule om dette prosjektet skal lukkast. Dei to seier at det er viktig for dei at Måløy vidaregåande får tilbake YSK/TAF IT-tilbodet for at dei skal klare å rekruttere til Måløy Academy-satsinga. Dette er storarta. Her gjer dei fagre ord om til konkret handling. Dette er selskap som prøver å utvikle nye produkt og ny teknologi, og som er avhengige av å rekruttere smarte folk med vilje og engasjement. At dei no vil etablere eit felles læremiljø for å lokke lokale smartingar til å bli med på utviklinga er flott.

No håpar vi at politikarar og byråkratar som legg rammene lyttar til kva desse to bedriftsleiarane seier om tilbodet ved den vidaregåande skulen i Vågsøy. Og kanskje kan andre bedriftsleiarar lære av dette flotte initiativet som Kvalheim og Reed dreg i gang. Her investerer dei i lokal kompetanse som dei håpar kan bidra til å utvikle desse spennande selskapa vidare. Spennande.