Fjordane Tingrett har bestemt at det blir opp til Namsmannen i Bremanger å gjere vedtak om Statnett får halde fram arbeidet i Myklebustdalen i Bremanger.

Etter at OED hadde vurdert det mykje kritiserte vedtaket sitt om legge linja gjennom Myklebustdalen på nytt, og Statnett bad namsmannen i Bremanger om tvangsfullføring av tiltrede til eigedomane, fremma grunneigarane sak for tingretten fordi dei meinte Olje- og energidepartementet ikkje hadde behandla saka heilt  på nytt.

OED  hadde berre kome med ei etterfølgjande grunngjeving, meinte grunneigarane, og stod på at konsesjonsvedtaket av 2011 framleis var ugyldig.

Dermed var det ingen grunn til å blande inn namsmannen igjen, meinte grunneigarane.

Tingretten er ueinig. Dei meiner OED kunne gjere dette, og at Statnett sitt krav om tiltrede til eigedomane er nytt. Dermed går saka tilbake til Namsmannen i Bremanger, og det blir opp til namsmann Hans Rune Strandos å ta stilling til om Statnett på ny får tilgang til eigedommane i Myklebustdalen.