Ansvarleg for fangstrapporteringa i Eidselva, Henning Langeland, er godt nøgd med sesongen så langt.

– Så langt er det fiska nesten 1,3 tonn laks i Eidselva, fortel Langeland, som er med i styret i sportsfiskarlaget i Eid.

I løpet av dei fem fyrste vekene av sesongen 2014 vart det fiska totalt 421,5 kilo laks.

– Storlaksen er det litt lite av i år, men det kan hende det kjem seg, fortel Langeland.

– Om vi hadde fått meir storlaks, hadde det blitt vesentleg høgre totalvekt, legg han til.

Sesongen er mykje betre enn fjorårets, som var ein særleg dårleg sesong. Men det er ikkje noko rekordår.

– Vi skal ikkje lenger tilbake enn to år før vi har hatt tilsvarande sesongar. Så det er ein normalsesong, særleg om ein ser på total- og gjennomsnittsvekt. Det har vore fleire laksar enn tidlegare i elva, men som sagt er dei fleste små eller mellomstore, fortel han.

Vassføringa har stor betydning for kor gode fiskesesongane blir.

– No er det 22 kubikk vatn som kjem frå Hornindalsvatnet, noko som er veldig bra for å vere i august. I fjor på denne tid var det under 10 kubikk. Då blir ofte fisken ståande i fjorden og vente, fortel Langeland.