Verlo har lykkast med ei spissa satsing på utvalde merkevarer og i sitt 80. leveår vidareutviklar dei anlegget midt i Måløy.

– Vi har auka omsetnaden frå rundt åtte millionar kroner til rundt 30 millionar kroner sidan vi overtok 1. januar 2007. Det var eit naudsynt generasjonsskifte. Den av dei tilsette som hadde jobba her kortast tid, hadde vore her i 30 år, fortel Knut Helge Sørpoll, dagleg leiar og medeigar i selskapet Verlo Eiendom AS som eig 100 prosent av driftsselskapet Verlo AS. Dei andre eigarane er Trond Kongshaug, Malvin Silden og selskapet Lyng AS.

Siste avslutta rekneskapsår i 2014 hadde eit resultat før skatt på ein dryg million av ein omsetnad på 33 millionar kroner. 2015-tala er ikkje klare, opplyser selskapet.

Omstrukturering

– Då vi overtok Verlo i 2007, starta vi ein omstruktureringsjobb. Det var eit verft med veldig mange bein å stå på. Det kan vere bra i dårlege tider, men du får ikkje med deg oppturen i dei gode tidene viss du ikkje er spesialisert. Vi gjekk i gang og skaffa oss agentur på kjente merkevarer som Yamaha og Yanmar – ein stor motorprodusent, og spissa satsinga inn mot desse produkta. Vi har også gjort ein stor jobb mot den offentlege marknaden når det gjeld å konkurrere om anbod. Det er eit stort arbeid som vi no har fått rutinar på, seier Sørpoll.

Han viser fram to store motorar som står klare i verkstaden. Rett etter påske går dei laus på eit av dei offentlege prosjekta når ein båt frå Kystverket kjem til verftet for å få sett inn nettopp desse motorane frå Yanmar. Eit anna offentleg oppdrag verksemda har er serviceavtale på maskinavdelinga ved Nordfjord sjukehus.

Sist veke vart ei ny tårnkran montert på anlegget i Måløy sentrum, og i den forbindelse har ein og gjort arbeid på kaia ved verftet.

Kystflåten

– Vi utfører eit breitt spekter av tenester – frå mørke motorrom i botnen av båtar med grovt maskineri, til service på høgteknologisk datastyrt utstyr, seier Sørpoll.

Det å gå meir offensivt ut i marknaden og selje tenester er noko verksemda medvite har jobba med siste åra.

– Vi kan ikkje berre sitje og vente på at kundane skal kome til oss, seier han.

Stadyard

Verlo AS har no tette linkar til eit anna av dei fem verfta i Vågsøy, Stadyard, gjennom felles eigarskap.

Stadyard vart etablert i 2011 då Verlo Eiendom og Lyng AS, eigd av Agnar og Tore Lyng, overtok etter Blaalid med 50 prosent kvar.

– Vi har mykje samarbeid, mellom anna gjer vi innkjøp og logistikkoppdrag for Stadyard, som i sin tur har «outsourca» delelageret sitt til oss. Det har vi plassert i leigde lokale hjå dei. Dette er ein måte vi jobbar på mot kundar som ønskjer å ha låge kostnader og god tilgang på varer. Vi kan opprette delelager hjå dei slik at dei får kort veg til tenestene, fortel dagleg leiar Knut Helge Sørpoll i Verlo AS.

Verksemda har eit omfattande delelager for å kunne levere delar og utstyr til eigne og andre merker.

– Vi sel varer til eit stort område, til heile Norge og verda for den del. I løpet av året lanserer vi ein nettbutikk som skal styrke oss på dette området.

Verlo si drift er todelt. Gjennom butikken sel dei båtar, motorar og maskiner primært til båtmarknaden, pluss alt frå grasklipparar til snøfresarar, motorsager og vasscooterar. Samt industrivarer til proffmarknaden som utgjer ein stor del av butikkdrifta. I tillegg har dei verkstaden som utfører reparasjonar og vedlikehald på båtar opp til 100 fot.