Det ser ut til å bli ei strålande Malakoff-helg! Når klokka bikkar fire på fredag kan ein kaste regnjakka, og truleg treng ein heller ikkje å leite den fram igjen før måndag.

- Det blir litt vått i morgon, men det meste skal gi seg ut på ettermiddagen. Dersom det kjem fleire byger så er det veldig lokalt, seier meteorolgen.

Når ein kjem til laurdag blir det opplett, og dersom ein er heldig vil ein òg få sjå sola.

Han spår samtidig temperaturen laurdag til 21 grader.

Del dine festivalbilete med oss! Merk bileta med #fjtsommar på Instagram eller send dei til fjt@fjt.no