Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er opprørt etter at Redningsselskapet har bestemt seg for å leggje ned distriktskontoret i Sogn og Fjordane. No ber ho om eit snarleg møte med Redningsselskapet.

– Redningsselskapet har alltid stått sterkt i Sogn og Fjordane, og det vert ytt ein stor dugnadsinnsats frå frivillige. Mange sponsorar gjer også ein stor innsats. Eg er redd engasjementet vil forvitre, og at det i neste omgang vil gå ut over tilbodet som Redningsselskapet vil vere i stand til å gje i Sogn og Fjordane, seier fylkesordføraren i ei pressemelding.

Ho ber no om eit møte med president Nicolay Jarsby og generalsekretær Rikke Lind for å bli orientert om avgjerda om å leggje ned distriktskontoret i Florø. I tillegg til fylkeskommunen, stiller også kystkommunane Selje, Vågsøy, Bremanger, Flora, Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Gulen og Solund seg bak førespurnaden.

«Vi er alle overraska, særs uroa og undrande til denne avgjerda. Vi ønskjer å få høve til å legge fram våre synspunkt på kva konsekvensar denne avgjerda kan føre til i vårt fylke», skriv dei i brevet.

Les heile brevet frå fylkesordføraren til Redningsselskapet.