Sparebanken Vest skal kutte 100 årsverk i år. Og dei har bestemt seg for å legge ned ni bankfilialar, blant anna den i Selje.

Dei tilsette i banken vart orientert om dette i dag, i følgje ei pressemeelding frå Spareban Vest.

Banken seier dei skal omstille seg mot meeir digitale banktenester.

Og det betyr at Selje misser den einaste bankfilialen sin.

I tillegg til Selje misser Manger, Mastrevik, Ågotnes, Sund, Fitjar, Hinna, Dale og Samnanger kontora sine, opplyser banken,

Etter dette vil Banken ha igjen 44 kontor.

Administrerende direktør i Sparebanken Vest, Jan Erik Kjerpeseth, seir til Bergens Tidende at banken er inne i ein omstillingsprosess som vil føre til nedbemanning der alle overtallige vil få tilbud om sluttpakkar.

Ved kontoret i Selje er det fem tilsette.

Regionbanksjef for privatmarknaden i Sparebanken Vest i Sogn og Fjordane, Tore Dvergsdal, seier til Fjordenes tidende at nedlegginga av filealen i Selje er gjort som eit ledd i at stadig fleire av kundane har blitt digitale.

- Filealen i Selje har vore drive på ein god måte av dyktige tilsette. Og det er viktig å seie at Sparebanken Vest framleis vil vere ein viktig og aktiv støttespelar i Selje, seier Dvergsdal.

På spørsmål om kor tid filealen blir lagt ned, så er ikkje det bestemt endå, men det vil skje i løpet av dette året.

- No skal vi ha ein god dialog med dei tillitsvalde og tilsette for å finne ei best mogeleg løysing for alle, seier Dvergsdal.

På spørsmål om dei ventar reaksjonar frå folk i Selje, så utelukkar han ikkje at det vil komme.

- Det er aldri kjekt å ta bort noko. Men dei fleste kundane våre er blitt digitale, og då kan vi ikkje stanse utviklinga, seier Dvergsdal.

Sparebank Vest leiger i dag i bygget der banken er.