Ei ny flytekai for cruisteturistar på Nordfjordeid kan bli ein realitet.

Formannskapet i Eid skal onsdag 18. mai handsame saka om Sea Walk Nordfjordeid AS.

Rådmannen går inn for at Eid kommune  går inn med 2,7 millionar kroner i aksjekapital for å få flytekai ved godsterminalen på Nordfjordeid. Både Eid kommune og Nordfjord Havn er invitert inn på eigarsida i det nye selskapet.

I presentasjonen av prosjektet vert det lagt stor vekt på kva potensiale dette kan ha for utviklinga av turistnæringa og anna lokal aktivitet knytt til dette, både i Eid kommune og for heile Nordfjord.

Det å kunne ta imot cruiseskip ved at passasjerar spaserer i land via ein Sea Walk på Nordfjordeid vil spesielt kunne bety mykje for besøkstalet for Sagastad. Ein ser også føre seg at dette vil skape større aktivitet i Nordfjordeid sentrum og Eidsgata i sommarhalvåret.

Dei legg i presentasjonen også vekt på at ei cruisekai nummer to i Nordfjord vil vere ein styrke for heile reginonen ved at ein samla sett kan forvente fleire anløp, og at det vil opne seg fleire aktuelle turruter med buss.

Dersom ein på sikt oppnår til dømes femti fleire cruiseanløp samla sett til Nordfjord vil dette kunne gi eit omsetningspotensile på 75-100 millionar kroner.

Nordfjordeid Serviceterminal ved John Olav Lefdal og Cruise Ventures ved Arthur Kordt og Ole Heggheim har opplegget klart for etablering av selskapet Sea Walk Nordfjordeid AS.