Det seier Sindre H. Kvalheim, administrerande direktør i LocalHost, etter å ha delteke på folkemøte på Bryggja sist veke, der Bryggja si eventuell grensejustering mot Eid blei diskutert.

– I diskusjonen som gjekk rundt skulenedlegginga var økonomien hovudargumentet for å leggje ned, men å miste Bryggja vil vel koste Vågsøy mykje meir i tap av skatteinntekter og overføringar frå staten, og ikkje minst i omdømme, enn å drifte skulen? spør han.

Ein trist situasjon

Kvalheim meiner det beste for bryggjaværingane vil vere å sitte i ro og vente, sjå korleis Kinn kommune utviklar seg og korleis alt blir til slutt.

– Kjem Sp til makta vil dei til dømes skrote heile Kinn kommune. Eg skjønar ikkje at Bryggja har så dårleg tid, når dei sit med stor makt og eigentleg kan plukke frå øvste hylle.

Om Bryggja går inn for grensejustering er Kvalheim redd for at bygda vil miste skulen i 2018, med to år att til kommunesamanslåinga.

– Det er ingen garantiar for at den vert gjenopna i 2020. Kvifor ønsker bygdefolket ein slik situasjon når ein når som helst kan be om grensejustering ved eit seinare høve? spør Kvalheim, og seier det er trist at innbyggjarane på Bryggja er så irriterte på politikarane i Vågsøy at dei berre vil vekk, noko han meiner ikkje nødvendigvis er det beste for bygda.

– Som næringsdrivande i Vågsøy, synest eg dette er leit. Bryggja er eit veldig interessant område som har eit stort potensial både med tanke på utvikling, framtidig busetting, og arbeidskraft.

Nedprioritert i årevis

– Det er så mykje meir enn berre skulen dette er snakk om, den var berre ein utløysande faktor som fekk begeret til å renne over, seier Øystein Hessevik i Bryggja utviklingslag.

Han meiner det er ei nedprioritering av Bryggja i Vågsøy kommune gjennom mange år, som gjer at innbyggjarane i bygda no søker mot nye Stad kommune.

– Vi har blitt nedprioritert i fleire år, og det vil vi prøve å snu. Eg trur nok alle som skreiv under på lista, og er for ei grensejustering, har det i bakhovudet. Og skulen kjem vi til å behalde uansett, i kva form står det att å sjå.

Hessevik påpeikar også at Bryggja vil bli liggande midt i Stad kommune, i staden for å bli ein utkant av utkanten i Kinn kommune.

– I den nye kommunen vil også Måløy verte ein utkant. Eg kan ikkje sjå for meg at det er mange som vil gidde å vere med i det politiske livet og reise i fleire dagar for å vere med på politiske møte med heftig frekvens. Det vil automatisk føre til enda mindre innflytelse.

Han legg til at det heller ikkje er berre Bryggja som ikkje vil vere med i Kinn kommune.

– Det viste folkerøystinga at var gjengs over heile kommunen. Men politikarane høyrer ikkje på folket og gjer akkurat som dei vil. For oss gjer geografien at det er naturleg med ei grensejustering. Det er nok ikkje så lett for til dømes Holvik eller Raudeberg.

Hessevik trur han og resten av innbyggjarane på Bryggja vil bli betre høyrt ved å justere kommunegrensene.

– I nye Stad kommune har vi mange bygder både innover langs fjorden og ut mot Stadlandet og Selje som er veldig like oss. Vi vil bli sett på ein heilt anna måte, og det er ein stor fordel.

Maurstad kan ikke garantere noe

Vågsøy-ordfører Kristin Maurstad (Ap) tror det er politisk vilje i kommunen til å gå i dialog med Bryggja om hva som skal til for bli del av Kinn.

Under folkemøtet som nylig ble arrangert av Bryggja utviklingslag påpekte Vågsøy-ordføreren blant annet at skolen i bygda ikke er vedtatt nedlagt.

I vinter inviterte formannskapet i Vågsøy arbeidsgruppa som jobber med grensejusteringen til et møte. Arbeidsgruppa møtte opp, men var ikke villige til å gå i dialog på det tidspunktet, ifølge Vågsøy-ordfører Kristin Maurstad. Her med Flora-ordfører Ola Teigen.

– Vi har kuttet i budsjettet tilsvarende to skoler, men vi har ikke gjort noe vedtak om skolenedlegging.

– Er dette grunn til å gi håp om at skolen blir opprettholdt?

– Sammenslåingsvedtaket med Flora har gitt Vågsøy bedre økonomi, men jeg kan ikke garantere noe om skolen.

Maurstad og Arbeiderpartiet inngikk en avtale med samarbeidspartiene etter forrige valg der ett av punktene var at man ikke skulle røre skolene.

– Det viste seg at avtalen ikke var økonomisk bærekraftig. Grunnen til budsjettvedtaket var en veldig stram økonomi og et behov for å kutte, sier Maurstad om avtalebruddet.

Dersom Bryggja utviklingslag kommer med et ultimatum om at de forlater Vågsøy dersom skolen ikke opprettholdes, sier Maurstad at man må ta en politisk runde på det.

– Økonomien har bedret seg, og det må vi ta med oss når vi gjør fremtidige vurderinger.