- Vi må berre få ut bodskapen om kvifor det er så viktig for oss at Kalvåg fiskerihamn kjem i første periode av NTP, seier fagleiar hamn i Bremanger Monica Sande.

– Dette er langt meir enn ei utvikling berre av fiskerinæringa i Kalvåg, det er ei styrking også regionalt. For Bremanger er det også hamneutvikling, næringsutvikling og samfunnsutvikling, og vi følgjer opp politikarane og regjeringa sitt ønske om å få meir gods over på sjøtransport, har Sande tidlegare sagt til Fjordenes Tidende.

No har dei laga ein film som viser kvifor det er så viktig for dei at dette prosjektet blir realisert så fort som mogleg. Den kan du sjå om du klikkar på bildet øvst i saka.

Sande fortel at dei ønskjer klare svar om det store fiskeriprosjektet i Kalvåg.

- Det er prosjekt på NTP som har fått stadfesta sin ståstad i kommande NTP, men ikkje dette, påpeikar ho, og legg til:

- Bremanger kommune, Sogn og fjordane fylkeskommune og Kystverket Vest har prioritert tiltaket til 2018, men vi venter på stortinget rett og slett.

Totalprosjektet Kalvåg Fiskerihamn er kostnadsrekna til rundt 200 millionar kroner.

Den første djupvasskaia på 140 meter er allereie ferdig og i bruk. Det har blitt etablert nytt landareal, og i framkant av dette kjem den nye kaia på 220 meter. Dette skal vere ei containerkai.

Ny vegtilkomst til Kalvøya er også bygd.

Heile prosjektet er stipulert til 200 millionar kroner, der Bremanger kommune sin del av utbygginga er 74,9 millionar.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har løyvd tilskot på 8,1 millionar til opparbeiding av nytt landareal. Kystverket Vest har betalt ut 18,4 millionar til fiskerikai nummer ein, og det ligg inne søknad om 27,5 millionar i tilskot til kai nummer to.

Ny sjarkhamn ligg inne i Nasjonal transportplan 2014-2023 med 72 millionar.