Klokka 09.03 fredag forsvann straumen for mange straumabonnentar ved Kalvåg i Bremanger.

– Vi fekk eit utfall i Kalvåg/Bremanger som førte til at om lag 1.000 kundar var utan straum i om lag sju minutt. Driftssentralen fekk kopla om, og mange fekk tilbake straumen kort tid etter. Klokka 10.15 fredag var det 155 kundar som ikkje hadde straum. Desse har fått varsel på SMS om feilen, og om at det truleg vil ta mellom to til tre timar å reparere, sa Christin Aare i Linja til Fjordenes Tidende fredag formiddag.

Ved 13-tida fredag skal alle ha fått straumen tilbake.

– Vi har hatt montørar på staden som har reparert feilen. Årsaka til straumstansen var eit fasebrudd på ei linje ved krysset til Novelandet, seier Christin Aare.