Vanylven kommune har kjøpt industriområdet på Fiskåholmen og håper på ny aktivitet i laupet av sommaren.

Kommunen har nyleg vedteke å kjøpe industriområdet tilhøyrande Ulstein Group på Fiskåholmen. Området er på 65 dekar og består av utskipingskai, tre produksjonshallar på til saman 3600 kubikkmeter. I tillegg ligg det eit administrasjonsbygg og bustadbrakker for gjestearbeidarar på området.

Fleire vil etablere seg

Ordførar Lena Landsverk Sande (V) seier Fiskåholmen er eit sentralt næringsområde i kommunesenteret og det er av stor interesse at dette området ikkje vert liggande utan aktivitet.

– Ein avgjerande faktor har vore å raskt få avklara eit lokalforankra eigarskap og byrje arbeidet med å skape ny aktivitet, seier Landsverk Sande i ei pressemelding.

Vanylven Utvikling AS, kommunen sitt næringsapparat, har vore i kontakt med fleire aktørar som kan vere interesserte i å etablere seg på området.

– Håpet er at der vil verte ny aktivitet på området før sommaren er omme, seier Landsverk Sande.

Sjølv om det ikkje nødvendigvis vert same type aktivitet som tidlegare, ser ordføraren kjøpet av Fiskåholmen som eit strategisk grep for ny aktivitet, slik at viktig kompetanse og god kunnskap ikkje forsvinn frå området.

Nytt kapittel

Ulstein Group har hatt verksemd på staden sidan 1970-talet. Området med bygningar var eigd av Ulstein Group medan høghallen var eit sameige mellom Ulstein og Vanylven kommune. Og det er begge desse ressursane som no vert flytta over til kommunen etter at det for vel eit år sidan vart kjent at Ulstein Verft skulle legge ned aktiviteten i Vanylven.

Ordførar og rådmann var tidleg i samtalar med konsernsjef i Ulstein Group og Vanylven Utvikling AS har seinare forhandla med eigedomsforvaltninga i Ulstein Group for å finne ei løysing.

Landsverk Sande takkar for det gode samarbeidet med Ulstein Group.

– Det at ein kunne komme til i god løysing relativt raskt etter at verftet la ned aktiviteten i Vanylven viser at Ulstein Group heile vegen har vore sitt samfunnsansvar bevisst. Dei har no bidrege til ei framtidsretta løysing, fortel ordføraren.