– Har eg først kjøpt ein Mini, klarer eg ikkje å kvitte meg med han, seier Holvik og ser utover bilparken med fire strøkte versjonar av det klassiske bilmerket. Bilane varierer i årgang frå 1970 og heilt fram til splitter nye og moderne Mini med teknologi frå den nye eigaren BMW. Sjølv om nær 50 år skil bilane, har dei det til felles at dei er heilt strøkne og blankpolerte.

Mini-lidenskapen til sandensaren starta då han var 15 år og kjøpte sin første bil av det klassiske engelske merket. Han kjøpte bilen lokalt.

– Grunnen til at eg kjøpte han var nok både at eg syntest Mini var kult og at motorane er lette å skru på. Mini som bilmerke oppstod som følgje av Suez-krisa i 1956 då det vart knappheit på drivstoff. Bilane veg 600 kilo og har 1,0 liters motor. Dei er enkle.

Borna har arva interessa

Werner har to jenter og to gutar frå 11 til 20 år. Han fortel at alle har arva interessa for Mini. Dermed er rekrutteringa sikra.

– Folk samlar på frimerke og alt mogleg rart. Eg samlar på Mini. Greitt at det kostar mykje både tid og pengar, men eg syns det er OK at bilane blir stelt, vedlikehaldne og brukt.

Han har også ein grøn ein ståande. Også denne har han plukka frå kvarandre og restaurert. 1998-modellen er spesiell på den måten at det er ein av dei siste som vart laga før dei slutta å produsere Mini i tradisjonell forstand. I 2000 tok nemleg tyske BMW over. Ein del Mini-entusiastar meiner at det ikkje vart det same etterpå.

– Vi er 300 betalande medlemmer i Norsk Mini Cooper Club, av dei finst det nok begge oppfatningar. Sjølv meiner eg at Mini er Mini uansett. Vi må følgje med i tida og fornye oss, så lenge tradisjonane med design og køyreeigenskapar er tekne vare på. Det er sjølvsagt ein del BMW-teknologi i dei nye Mini-ane eg har, spesielt innan elektronikk. Den største bilen min, Mini Countryman som er ein liten SUV, er bygd på plattforma til BMW X1.

– Men det er framleis som å køyre gocart. Du føler du sit nede på vegen. Det er framleis produksjon i England, og på utsjånaden er det ikkje tvil om at det er Mini. Eit typisk Mini-element som speedometer plassert i midten er intakt.