Laurdag blir det arrangert sikkerheitsdag i Måløy sentrum. – Det er viktig å kaste lys over slike tema, seier ambulansearbeidar Mette Hovden Flataker.

Komande laurdag samlast alle redningsetatane i Måløy. Varabrannsjef John Inge Henden fortel at ein mellom anna kan få prøve utstyr, sitte i bilane eller stille spørsmål til etatane.

– Ambulanse, politi, brannvesen, redningsskøyta, redningsdykkarar og redningshelikopter vil vere representert. I tillegg kjem også Røde Kors og Eliasbåten, fortel Henden.

Han seier at dei vil lage til ein reell redningsaksjon med røyk, kor både ambulanse, politi og brannvesen er involvert.

– Ynskjer berre vel

Ambulansearbeidar Mette Hovden Flataker seier at det er spesielt viktig at dei minste blir kjend med desse etatane. Ho meiner at det er viktig å kaste lys over slike tema som ofte kan vere skremmande og ubehagelege.

– Det er viktig at born og ungdom kjenner oss att dersom dei blir vitne til eller involvert i ein naudssituasjon. Ho legg til at mange også har eit bilete av at særleg politiet er strenge og litt skumle, og seier det er viktig å danne eit anna inntrykk. Flataker får støtte frå politi Randi Kongsvik.

– Vi ynskjer berre vel, sieier ho.

Nyttig for alle

Henden fortel at både born og vaksne kan ha god nytte av å ta turen til sentrum laurdag. Brannvesenet tek med seg brannbamsen Bjørnis, og Henden seier at denne er svært populært blant born i alle aldrar.

Flataker fortel at ambulansen vil ta med dukker, slik at dei som vil kan lære og øve på hjerte-lungeredning.

– Vi tek med dukker i forskjellige størrelsar, slik at foreldre til dømes kan trene på hjerte- lungeredning på born, seier ho.

Meir action etter kvart

Dette er første gong alle etatane samarbeidar om ein slik dag som er open for alle, men alle håpar på at det kan bli ein tradisjon.

– Vi håpar absolutt på å kunne gjere dette kvart år framover, og legge til meir action etter kvart, seier Henden.