Elevtala for 2016 syner ein auke i talet på nynorskelevar i Noreg. I skuleåret 2016/2017 er der 160 fleire nynorskelevar enn året før. I heile grunnskulen frå 1. til 10. klasse er det 76.549 nynorskelevar.

- Det er veldig kjekt at det har blitt fleire nynorskelevar siste året, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Etter tretten år med nedgang i nynorskelevtalet er denne trenden snudd i år.

Det er særleg i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane ein ser auken, men også Oppland og Aust-Agder har fleire nynorskelevar enn i fjor.

- Auken skuldast nok i hovudsak at talet på born i nynorskområde går opp, seier Aasbrenn.

Vi må tilbake til starten av 2000-talet for å finne sist gong det var auke i nynorskelevtalet. Det er særleg i overgangen til ungdomsskulen at vi ser språkbyte. Siste åra har vi sett dokumentasjon på at nynorskelevane i ungdomsskulen ikkje får tilbod om undervisning på nynorsk. Det er difor svært viktig at Stortinget i haust vedtok å greie ut om retten til opplæring på eige språk skal utvidast til også å gjelde i ungdomsskulen, peikar Magne Aasbrenn på.

Det er Utdanningsdirektoratet som kvart år legg ut nye tal i GSI (Grunnskolens Informasjonssystem) etter at alle skulane i Noreg har rapportert inn.